Kvantitativ metode
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvantitativ metode er ein forskingsmetode der ein samlar inn talmateriale av ulik karakter ved hjelp av måleinstrument og meiningsmålingar (gallupar). Innhenting av data gjer ein som regel ved teljing, måling og kalkulasjonar som vert nytta til å laga statistikkar med ulike variablar som vidare vert framstilt i form av tabellar og grafar. Ved hjelp av deskriptiv statistikk og sannsynsteori kan ein analysera dataa sine og gjera greie for omfanget av eit fenomen, årsakssamanhengar eller testa ut ulike hypotesar. Desse metodane vert i hovudsak brukt innan naturvitskap og samfunnsvitskap.