Kyrkjeugle
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kyrkjeugle (Athene noctua) er ein fugl i uglefamilien. Ho er heimehøyrande i mykje av dei tempererte og varmare delane av Europa, Asia aust til Korea, og i Nord-Afrika. Ho har ikkje naturleg utbreiing i Fennoskandia eller Storbritannia, men vart introdusert til Storbritannia i 1842. Det vart òg gjort ei utsetting av arten på Sørøya på New Zealand i byrjinga av 1900-talet, både sørlege Storbritannia og Sørøya på New Zealand har livskraftige bestandar i dag.
Kyrkjeugle | |
Bilete frå Teira, Galicia, Spania Foto: Arturo Nikolai
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kyrkjeugle | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Fugleslekta Athene Athene |
Art: | Kyrkjeugle A. noctua |
Vitskapleg namn | |
Athene noctua Scopoli, 1769 |
Denne arten er ein del av slekta Athene som er representert med fire artar spreidd på alle kontinent unnateke Australia og Antarktis.