La Graciosa
From Wikipedia, the free encyclopedia
La Graciosa (spansk for grasiøs) er ei vulkansk øy i Kanariøyane i Spania, 2 km nord for øya Lanzarote med sundet Río mellom dei. Øya er ein del av Parque Natural del Archipiélago Chinijo, eit biosfærereservat, og høyrer til kommunen Teguise. Øya er ein del av Chinijoøyane. Landsbyen på øya ligg i søraust der husaer bygd kring hamna. Hamna har to moloar og eit yachtområde. Dei einaste to busetjingane er Caleta del Sebo og sommarstaden Casas de Pedro Barba. Heile øya består av vulkansk stein og stand.
La Graciosa | |
---|---|
La Graciosa frå Mirador Del Rio | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 29.252°N 13.508°W / 29.252; -13.508 |
Øygruppe | Kanariøyane
|
Areal | 29,05 km² km²
|
Høgaste punkt | Las Agujas (266 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Spania |
Provins | Las Palmas |
Største busetnad | Caleta de Sebo (656 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 658 (2006) |
Folketettleik | 21,93 /km² |
Øya har opp mot 700 innbyggjarar og turisme er hovudindustrien i lag med fiske. Kvart år flokkar turistane seg på øya på grunn av det tempererte klimaet og dei mange sandstrendene. Øya har ein skule, latinskule, postkontor, supermarknader, ein bank, hamn og strender.
Vegane på La Graciosa består av sand. Motorkøyretøy er ikkje lov, bortsett frå eit par utvalde køyretøy for spesielle årsaker.
Det går båt til øya frå Orzola på Lanzarote, ein tur som tar om lag 35 minutt.
Tidlegare har Graciosa vorte plyndra av sjørøvarar.