Laholms kommun
kommune i Halland len i Sverige / From Wikipedia, the free encyclopedia
Laholms kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Innanfor Hallands län grensar kommunen til Halmstads kommun i nord. Dessutan grensar han til Båstads kommun, Ängelholms kommun og Örkelljunga kommun i Skåne län i sør, og til Markaryds kommun og Ljungby kommun i Kronobergs län, i høvesvis aust og nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Laholm.
Kjappe fakta Land, Len ...
Laholms kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Hallands län | ||
Landskap | Halland | ||
Del av | Halland, Q31883951, Q61546070 | ||
Centralort | Laholm | ||
Areal | 907 km² | ||
- land | 888 km² | ||
- vatn | 18 km² | ||
Folketal | 20 153 | ||
Folketettleik | 22 / km² | ||
Laholms kommun 56.516666666667°N 13.033333333333°E / 56.516666666667; 13.033333333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Laholm Municipality | |||
Nettstad: www.laholm.se | |||
Lukk
Landskapet i kommunen er hovudsakleg småkupert. Ein finn barskog og myrar i aust og nord, og slettelandskap i vest. Kysten er sandrik. Når det gjeld næringsvegar, er det mykje verkstad-, plast- og næringsmiddelindustri i kommunen, i tillegg til jord- og skogbruk. Oppdrett av laks er også ei viktig næring.