Laskarina Bouboulina
gresk marinekommandant og ei krigsheltinne i den greske sjølvstendekrigen i 1821 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Laskarina Bouboulina (1771–22. mai 1825) var ein gresk marinekommandant og ei krigsheltinne i den greske sjølvstendekrigen i 1821, rekna som den fyrste kvinna som fekk rangen admiral.
Laskarina Bouboulina
Λασκαρίνα Μπουμπουλίνα, Laskarína Bouboulína | |||
Byste av Laskarina Bouboulina ved huset hennar i Spétses | |||
Fødd | 11. mai 1771 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Konstantinopel | ||
Død | 22. mai 1825 | ||
Dødsstad | Spétses | ||
Rang | admiral | ||
Eining | den greske marinen |
Ho var fødd i Konstantinopel i 1771 i ein familie av arvanittisk opphav. I løpet av ungdommen utvikla ho ei interesse for segling, noko som blei tilrettelagt av den liberale haldninga stefaren hadde i høve til utdanning. Ho blei enke to gongar, og arva ein betydeleg sum pengar frå den andre ektemannen sin. Ho blei seinare med i det hemmelege samfunnet Filiki Etaireia, som freista å oppnå gresk sjølvstende frå Det osmanske riket, som ei av få kvinner. Etter utbrotet av den greske sjølvstendekrigen hadde ho kommando over ein flåte av skip frå Spétses som deltok i fleire kampanjar, mellom dei omleiringa av Nafplion.
Etter at hennar fraksjon blei overvunnen i den greske borgarkrigen i 1824 blei ho utvist til Spétses og sat ei kort tid fengsla grunna falske klagemål. Ho blei drepen 22. mai 1825 under ein familiekonflikt.