From Wikipedia, the free encyclopedia
Lawrence Livermore National Laboratory (LLNL) er eit amerikansk nasjonalt laboratorium, ein tverrfagleg forskingsinstitusjon med nesten 10 000 tilknytte personar i forskjellige funksjonar. Forsking og utvikling går føre seg innan område som kjemi, fysikk, materialteknikk, biologi, matematikk, datateknikk og ingeniørfag. Laboratoriet skildrar seg sjølv som eit leiande forskings- og utviklingssenter for vitskap og teknologi brukt på område som omfattar nasjonal tryggleik. LLNL er saman med Los Alamos National Laboratory ein av to stader i USA der det går føre seg forsking og utvikling av atomvåpen.
Gjennom National Ignition Facility, som er lokalisert i Livermore, er laboratoriet sterkt engasjert i fusjonsforsking basert på tregleiksinnelukking, tungrekneteknikk og datatryggleik og forsking på isotopar.
LANL vart oppretta i 1952. Det sorterer under Energidepartementet og vert driven av University of California med eit årleg budsjett på rundt 10 milliardar kroner.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.