![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/67/Lev-Semyonovich-Vygotsky-1896-1934.jpg/640px-Lev-Semyonovich-Vygotsky-1896-1934.jpg&w=640&q=50)
Lev Vygotskij
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lev Semjonovitsj Vygotskij (17. november (jul. 5. november) 1896–11. juni 1934) var ein russisk psykolog og pedagog frå Belarus. Han var stor grad påverka av marxistisk filosofi, og arbeidet hans var sjølvsagt påverka av tida han levde i, då den russiske revolusjonen og danninga av Sovjetunionen fann stad. Han utvikla det ein kallar det sosiokulturelle perspektivet på læring, som skil seg frå andre læringsteoriar ved at det som avgjer kva ein elev lærer er samspelet med personane rundt eleven. Verka hans vart kjende i Vesten på 1960-talet.
Lev Vygotskij | |||
![]() | |||
Fødd | 17. november 1896 Orsja | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juni 1934 (37 år) | ||
Statsborgar av | Det russiske imperiet, Sovjetunionen | ||
Yrke | filosof, psykolog, pedagog, faglitterær forfattar, universitetslærar, antropolog | ||
Institusjonar | Psychological Institute of the Russian Academy of Education Institute of Correctional Pedagogy Q4059235 Second Moscow State University Statsuniversitetet i Moskva | ||
Utdanna ved | Statsuniversitetet i Moskva Moscow City People’s University | ||
Ektefelle | Roza Noevna Vygodskaya |
Vygotskij var fødd i Vorsja i Belarus og døydde i Moskva i Russland av tuberkulose.
Lev Vygotskij var ein pedagogisk teoretikar som lanserte ideen om at barn si utvikling i større grad skjer i samspel med omgjevnadene enn som ein utelukkande individuell prosess. Spesielt interesserte han seg for skilnaden mellom kva barn kan lære seg på eiga hand og kva dei treng hjelp frå vaksne til. Avhengig av kva assistanse dei får kan barn anten vera på sitt faktiske utviklingsnivå dersom dei lærer på eiga hand, eller på sitt potensielle nivå dersom dei blir stimulerte av foreldre eller lærarar.
Vygotskijs innfallsvinkel vert kalla sosiokulturalisme fordi han ser samfunn og kultur som avgjerande faktorar for individet si utvikling og prestasjonsevne. Med utvikling meiner han evne til tenking, språk samt mental og personleg utvikling. Ifølgje Vygotskij skjer utviklinga gjennom relasjonar, spesielt til foreldra, og aukar den kulturelle forståinga (omgrepsapparatet). Den kulturelle forståinga og den kognitive utviklinga kallar Vygotskij for internalisering. For at eit barn skal bli internalisert må det bli undervist og ha eit godt tilhøve til dei som er eldre (foreldre, lærarar, idol, mv.). Ifølgje Vygotskij påverkast altså intelligensen av dei sosiale faktorane.
Vygotskij var lenge upåakta og Jean Piaget var den førande teoretikaren på emnet barn si utvikling. På 1980-talet vart han likevel oppdaga på ny i samband med glasnost og har i dag stor påverknad på forskinga om barn si modning og språklege utvikling.