Lewisbrikkene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lewisbrikkene er ei gruppe sjakkbrikker som vart funne på Lewis i Hebridane i fyrste halvdelen av 1800-talet. Til saman utgjer dei delar av fire eller fem sett, eitt er komplett. Forskarar meiner at brikkene er laga i Noreg, kanskje av ein handverkar i Trondheim, ei gong på 1100-talet.
Nesten alle brikkene er skorne ut av kvalrosselfenbein, medan nokre få er av kvaltenner. Funnet var på til saman 93 delar, då er det rekna med ei beltespenne og 14 enkle brikker til tabulaspel (ein forgjengar til backgammon). Av sjakkbrikker var det åtte kongar, åtte dronningar, 16 løparar, 15 springarar, tolv tårn og 19 bønder. Alle er forma som menneskefigurar, unnateke bøndene som er mindre og kan likne på ein runestein eller ein gravstein. Springarane held skjold og spyd i hendene og sit på nokre helst små hestar. Alle dei menneskeforma figurane har ottefulle uttrykk, unnateke tre av tårnbrikkene som er framstilte med ville blikk og bitande i skjolda sine som er dei berserkarar i slagvillskap. Ein del av brikkene var farga raude då dei vart funne, noko som tyder på at det var raudt og kvitt som var fargane som vart brukte for å skilje brikkene til dei to spelarane frå kvarandre, heller enn svart og kvitt som er det vanlege i dag.