Linser
From Wikipedia, the free encyclopedia
Linser (Lens culinaris) er ein eittårig planteart i erteblomfamilien som er ein utbreidd matplante.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå linse.
Linser | |
Linser | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Fabeae |
Slekt: | Lens |
Art: | Linser L. culinaris |
Vitskapleg namn | |
Lens culinaris Medik., 1787 |
Linseplanten blir 20–40 cm høg. Han har bleikblå blomsar og lysebrune belgar med eitt eller to flate frø, linser. Det fins mange sortar med ulik farge: svarte, gule, grøne og raude. Linser har høgt proteininnhald og er ei viktig næringskjelde i områder med tørt klima. Dei er også ei viktig proteinkjelde i eit vegatabilsk kosthald.
Linser er kjend frå steinalderen, og er nemnd i gamle egyptiske og romerske skrifter og i Bibelen. India er det største produsentlandet for linser. Ein har også vært prøvd å dyrka planten i Noreg, og han finst av og til forvilla ved møller.