From Wikipedia, the free encyclopedia
Lohamei HaGeta'ot (לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת, tyder Ghettokjemparane) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 467.
Lohamei HaGeta'ot | |||
לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת | |||
kibbutz | |||
Namneopphav: Ghettokjemparane | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Mateh Asher | ||
Koordinatar | 32°57′45.71″N 35°5′44.52″E | ||
Folketal | 710 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Overlevande kjemparar frå ghettoopprøret i Warszawa, tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Lohamey HaGeta'ot 32.963055555556°N 35.0975°E | |||
Kart som viser Lohamey HaGeta'ot.
| |||
Wikimedia Commons: Lohamei HaGeta'ot | |||
Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 langs kysthovudvegen mellom Akko og Nahariya, der den tidlegare arabiske landsbyen Al-Sumayriyya låg.[2] Nybyggjarane var mellom anna overlevande frå ghettooppreisten i Warszawa (mellom anna Icchak Cukierman, nestleiar i ŻOB), og tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. Han er namngjeven til minne om jødane som kjempa mot nazistane.
Like ved kibbutzen ligg det store ruinar etter ein akvedukt som gav vatn til Akko, kring 6 km unna, fram til 1948. Akvedukten vart opphavleg bygd mot slutten av 1700-talet av Jezzar Pasha, den osmanske herskaren av Akko, men vart ferdigbygd av sonen hans, Suleiman, i 1814.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.