Lotte Reiniger
From Wikipedia, the free encyclopedia
Charlotte «Lotte» Reiniger (2. juni 1899–19. juni 1981) var ein tysk-engelsk silhuettkunstnar, animasjonsfilmskapar og bokillustratør. Arbeida hennar tilhøyrer tradisjonen med detaljerte silhuettar, som vart moderne i Europa på 1700-talet, og skuggespel som har opphavet sitt i Asia. Ho tok silhuettkunsten og skuggespeltradisjonen med over til filmen, og vart ein pionér innanfor silhuett-animasjonsfilm. Teknikken ho nytta i sine meir enn 60 silhuettfilmar, i hovudsak kortfilmar, var stop motion.
Lotte Reiniger | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 2. juni 1899 Berlin-Charlottenburg |
Død |
19. juni 1981 (82 år) |
Yrke | filmregissør, animatør, silhuettkunstnar, manusforfattar, regissør |
Språk | tysk |
Medlem av | Institute for Cultural Discovery |
Ektefelle | Carl Koch |
Lotte Reiniger på Commons |
Hennar mest kjende film, Die Abenteuer des Prinzen Achmed (norsk Prins Achmeds eventyr) frå 1926, blir rekna som den eldste eksisterande lengre animasjonsfilmen. Han vart vist 11 år før Walt Disney-filmen Snehvit og de sju dvergene, som ofte blir nemnd som den første.
På dei aller fleste filmane arbeidde ho saman med ektemannen, Carl Koch, som var produsenten og filmfotografen hennar. Dei arbeidde først i Berlin, men då nazistane kom til makta i Tyskland i 1930-åra, forlét ekteparet landet og arbeidde i Paris, Roma og London, der ho budde størstedelen av det vaksne livet sitt. Ho vart britisk statsborgar i 1962.
Reiniger hadde ein nesten 65 år lang karriere innanfor silhuettfilm. Dei første silhuettane for film klipte ho i 1916, til tekstplakatane i Paul Wegener sin film Rübezahls Hochzeit. Den aller siste silhuettfilmen, Düsselchen und die vier Jahreszeiten, vart til i 1980, eit år før ho døydde.
I samband med filmarbeidet sitt utvikla ho ein forløpar for multiplankameraet, som gjorde det mogleg å laga ein illusjon av djupne i filmane. Multiplankameraet vart seinare utvikla og brukt i tradisjonell animasjon av andre filmskaparar. Walt Disney patenterte eit slikt kamera i 1940.
I tillegg til å vera ein pionér innan animasjonsfilm, har Reiniger hatt stor betydning for utviklinga av skuggeteater i Europa.