From Wikipedia, the free encyclopedia
Lovoziorskije Tundry (russisk Ловозёрские тундры, kalla opp etter innsjøen Lovozero som ligg i området og tyder 'Lovozerotundraen') er ei fjellkjede midt på Kolahalvøya i Russland mellom Lovozero og Umbozero. Ho består av ein hesteskoforma rygg rundt Sejdozero. Fjellsidene er stort sett dekte av gran og furu. Det høgaste punktet er Angvundastsjorr (1120 moh). Området rundt innsjøen er busette av samar, og mange stadnamn er ikkje av russisk opphav.
Lovoziorskije Tundry | |||
region | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Lovoziorskije Tundry 67.849057°N 34.544055°E | |||
Wikimedia Commons: Lovozero Massif | |||
Lovoziorskije Tundry ligg over eit kompleks av agpaitiske til hyperagpaitiske bergartar som inneheld mineral som eudialytt, loparitt og natrosilitt. Det er funne minst 340 forskjellige mineral i massivet og 73 av dei vart første gong oppdaga her.
Området er relativt lett tilgjengeleg med jernbane. Om vinteren er det mogeleg å nå området frå Khibiny via isen på Umbozero. Om sommaren kan ein nytte fjellvegar og stiar i området.
Khomyakov, A. P. : Mineralogy of Hyperagpaitic Alkaline Rocks Clarendon Press 1995
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.