Lübeck
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lübeck er ein hamneby ved Austersjøen nord i Tyskland ved elva Trave og den nest største byen i delstaten Schleswig-Holstein med om lag 215 000 innbyggjarar. Han var i fleire hundreår «hovudstad» i Hansaen og på grunn av dei gotiske mursteinshusa er han på UNESCO si verdsarvliste.
Kjappe fakta Styresmakter, Grunnlagd ...
Lübeck | |
---|---|
Rådhuset i Lübeck | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Schleswig-Holstein Ingen Kreisfri by |
Grunnlagd | 1143 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
214,13 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
213 983 999/km² |
Koordinatar | 53°32′0″N 10°41′0″E |
Høgd over havet | 13 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 23501 − 23570 |
Telefon-retningsnummer | 0451, 04502 |
Bilnummer | HL |
Heimeside: www.luebeck.de |
Close
Gamlebyen i Lübeck ligg rundt elva Trave, medan Elbe-Lübeck-kanalen knyter Trave til Elbe. Ei anna viktig elv nær sentrum av byen er Wakenitz. Autobahn 1 går frå Lübeck til Hamburg og Danmark. Bydelen Travemünde er ein feriestad og ferjehamn ved kysten av Austersjøen.