Møre og Romsdal fylke
fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Møre og Romsdal fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar i aust og nordaust til Trøndelag fylke, i søraust til Innlandet fylke, i sør til Vestland fylke og i nordvest ut mot norskehavet.
Møre og Romsdal fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Vestlandet | ||
Adm.senter | Molde | ||
Areal | 15 114 km² | ||
- land | 14 614 km² | ||
- vatn | 500 km² | ||
Folketal | 270 624 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 19 / km² | ||
Målform | Nynorsk | ||
Statsforvaltar | Rigmor Brøste | ||
Fylkesordførar | Jon Aasen (Ap) | ||
Fylkesnummer | 15 | ||
Møre og Romsdal fylke 62.7375°N 7.1583333333333°E / 62.7375; 7.1583333333333 | |||
Wikimedia Commons: Møre og Romsdal | |||
Nettstad: www.mrfylke.no | |||
Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.
Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.
Sitjande fylkesmann Lodve Solholm (Frp) gjekk av med pensjon 31. desember 2018, og Else-May Botten (Ap) vart i statsråd 26. oktober 2018 utnemnd som fyrste kvinnelige fylkesmann i Møre og Romsdal. Botten vil tiltre embetet etter at ho går av som stortingsrepresentant hausten 2021, fram til då er Rigmor Brøste fungerande fylkesmann. Ho vart konstituert til embetet i statsråd 8. februar 2019.