From Wikipedia, the free encyclopedia
Martina Strutz (fødd 4. november 1981) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Schwerin i Mecklenburg som tevla i stavhopping. Ho vann sølvmedaljen i øvinga både ved verdsmeisterskapen 2011 og europameisterskapen 2012.
Martina Strutz | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 4. november 1981 (42 år) Schwerin |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Strutz tangerte sitt personbeste på 4,50 m og vart nummer fem då ho deltok i europameisterskapen 2006. Ho forbetra den personlege rekorden til 4,52 m i 2008, men den store framgangen kom i 2011-sesongen. Den 12. juli sette ho tysk rekord med 4,78 meter i eit stemne i Karlsruhe. Deretter vart ho tysk meister i Kassel med eit hopp på 4,65 m, framom Silke Spiegelburg. Under verdsmeisterskapen i Daegu den 30. august 2011 svinga Strutz seg over 4,80 m, dermed vann ho sølv og forbetra landsrekorden.
Ved europameisterskapen i Helsinki 30. juni 2012 sikra Strutz seg ein ny sølvmedalje i stavhopp ved å gå over 4,60 m i andre forsøk. Under dei olympiske leikane i London same året enda ho på femteplassen. I 2013 vann Strutz stavtevlinga i den tyske meisterskapen for andre gong og i 2016 for tredje gong.
Våren 2017 vart Strutz skulderskadd i ei trafikkulukke og kom ikkje tilbake på same nivå i 2018.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.