From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsfråsegna om menneskerettane er ei fråsegn om menneskerettar vedteken av Dei sameinte nasjonane si tredje generalforsamling den 10. desember 1948. Fråsegna vart vedteken med 48 lands ja-stemmer. Ingen land stemte mot. 8 land avstod frå å stemme. Menneskerettsfråsegna inneheld 30 artiklar, den første lyder: «Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.»
Ifølgje Guinness Rekordbok er Menneskerettsfråsegna det dokumentet som har blitt omsett til flest språk (omkring 330 språk per 2004).
Den første fråsegna om menneskerettar vart elles vedteken av den franske nasjonalforsamlinga i august 1789, etter den store franske revolusjonen var begynt.
Då det å godkjenne det naturlege menneskeverdet med like og umissande rettar for alle menneske på jorda er grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda,
og då hån og vørdsløyse mot menneskerettane har ført til barbariske handlingar som har skaka samvitet til menneskeætta, er framvoksteren i den verda der menneska skal ha talefridom og trusfridom og vere løyste frå otte og naud, kunngjord som det høgste målet for kvart menneske,
og då det er nødvendig at menneskerettane blir verna om av lover slik at menneska ikkje blir tvinga til å finne den siste utvegen i å gjere opprør mot tyranni og trælekår,
og då det er nødvendig å arbeide for betre tilhøve mellom nasjonane,
og då folka i Dei Sameinte Nasjonane har stadfest trua si i denne pakta, på grunnleggjande menneskerettar, på menneskeverd og på same rett for mann og kvinne, og har vedteke å arbeide for sosiale framsteg og betre levevilkår i større fridom,
og då medlemsstatane har bunde seg til å fremje allmenn vørdnad for pakta og halde seg etter menneskerettane og den grunnleggjande fridomen i samarbeid med Dei Sameinte Nasjonane,
og då denne retten og fridomen må bli godkjend av alle dersom pakta skal bli røyndom,
kunngjer generalforsamlinga
den internasjonale fråsegna om menneskerettane, som skal peike mot eit sams mål for alle folk og nasjonar. Fråsegna må alltid vere i tankane til den einskilde og dei styrande og få dei til å styrkje vørdnaden for rett og fridom gjennom undervisning og oppseding. Dei skal syte for at fråsegna blir allment kjend og etterlevd både i medlemslanda og i tilsynsområda, og arbeide trufast med dette både på nasjonalt og internasjonalt grunnlag.
Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.
Kvar einskild har krav på all den rett og fridom som fråsegna nemner, utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk syn eller anna meining, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller andre tilhøve.
Den politiske stoda, lovverket eller dei internasjonale påboda eit land lever under, kan ikkje vere påskott til at det blir gjort skilnad på nokon i det landet eller området han høyrer til, anten landet har sjølvstende, står under tilsyn, er ikkje-sjølvstyrt eller sjølvstyret er avgrensa på nokon annan måte.
Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.
Ingen skal haldast i slaveri eller trældom. Slaveri og slavehandel av alle slag er forbode.
Ingen må torturerast, pinast eller straffast på umenneskeleg eller nedsetjande vis.
Alle menneske har krav på at domstolane alle stader godtek dei som rettssubjekt.
Alle er like for lova og har krav på same rettsvern, utan skilnad av noko slag. Alle har krav på same vern mot at det blir gjort skilnad på folk i strid med denne fråsegna, og vern mot tiltak som ber i seg ein slik fare.
Alle har rett til å få fullgod hjelp frå dei lovlege nasjonale domstolane når det gjeld handlingar som krenkjer den retten den einskilde har fått i grunnlova eller lovverket elles.
Ingen må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel eller visast ut or landet.
Alle har same rett til å få saka si rettferdig og offentleg granska av ein sjølvstendig og upartisk domstol, både når det er pliktene og retten til den einskilde som skal fastsetjast, og når det er reist klagemål mot han.
Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre, anten det gjeld hans eigen person, familie, heim, brevskifte, eller åtak på ære og omdøme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike åtak.
Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionfridom. Denne retten gjeld fridom til å endre religion eller tru, og fridom til å målbere sin eigen religion eller si eiga truslære i gjerning og framferd, anten åleine eller saman med andre, offentleg eller privat.
Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.
Kvar einskild medlem i samfunnet har rett til sosial tryggleik, og har krav på at dei økonomiske, sosiale og kulturelle goda, som han ikkje kan vere utan om han skal ha vørdnad for seg sjølv og styrke den personlege karakteren sin, blir løyste gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt samarbeid i samsvar med det kvar stat maktar.
Alle har rett til kvile og fritid, og dermed til ei rimeleg avgrensa arbeidstid, og til ferie med løn.
Alle har krav på å få leve under slike sosiale kår og internasjonale tilhøve at dei fullt ut kan gjere til røyndom retten og fridomen i denne fråsegna.
Ikkje noko i denne fråsegna må tolkast slik at det gjev stat, grupper eller einskildmenneske rett til å vere med på tiltak eller handlingar av noko slag som har til mål å øydeleggje den retten og fridomen som denne fråsegna stadfester.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.