Merovingarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Merovingarar eller merovingarane er nemninga på den første kongeætta som rådde over Frankarriket. Dei sat med kongsmakta frå 451 til 751, då karolingarane tok over. Namnet merovingar skriv seg frå Merovech eller Merovic, som rådde for frankarane frå om lag 451 til 458. Merovech er rekna som stamfar til heile ætta, sjølv om overleveringa fortel at slekta skriv seg frå ein Marcomer som var i romersk teneste seint på 300-talet, og sonen hans, Faramond. Frå Faramond finst det ein Lex Salicum, som skal ha vore rettskraftig så seint som i 1415, og grunngav kravet Henry V gjorde på den franske krona.
Merovingarane var ei typisk germansk hovdingætt, og prega fransk og europeisk politikk frå midten av 400-talet til dei vart avsette av karolingarane om lag 751. Særmerket deira var at alle merovingarkongane hadde langt hår, noko som tydde manndom og styrke. Då den siste kongen, Chilperic III, vart sett i kloster, av hushovmeisteren Pippin den stutte, vart kuppet sett i verk ved å symbolsk skjera av han alt håret.
Elles hadde merovingarane, som andre hovdingætter av same slag, tradisjon for samkongedøme, noko som ofte kom til å dele opp kongeriket i den tida dei rådde for frankarane. Dette førte òg til ufred mellom brør og kongesøner. I kongerekkja finn ein difor ofte at fleire rår samstundes.