Meänkieli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Meänkieli, eller tornedalsfinsk, er det språket som utvikla seg i den delen av finskspråkleg Nordkalotten som vart att i Sverige etter at Finland vart ein del av Russland i 1809. Sjølve ordet meänkieli tyder 'vårt språk' (ordet for 'vårt' ville på finsk ha vore meidän), og det vart frå gammalt av brukt for å markere skilnaden mellom eige språk og språket i Finland. Frå og med slutten av 1980-talet vart denne nemninga også brukt i meir offisielle samanhengar. Det er vanskeleg å seie kor mange det er som snakkar meänkieli, overslaga varierer frå 25 000 til 70 000 personar.
Meänkieli meänkieli | ||
Klassifisering | Finsk-ugrisk Austersjøfinsk Finsk | |
Bruk | ||
Tala i | Sverige, Finland | |
Meänkielitalande i alt | 40 000-70 000 | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Offisielt anerkjend minoritetsspråk i Sverige | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | fit | |
Glottolog | torn1244 | |
I utgangspunktet skilde ikkje dialektane på kvar side av Torne älv seg frå kvarandre, men etter 1809 har dei utvikla seg kvar sin veg. På finsk side har dialektane vorte påverka av standardfinsk både grammatisk og leksikalsk, store delar av kulturordforrådet som har komme til dei 200 siste åra er resultat av målmedvite språkplanlegging, på svensk side av Tornedalen har dei ikkje hatt del i denne utviklinga. På den andre side har meänkieli vorte påverka til ein viss grad av samisk, men særleg av svensk, gjennom ein målmedviten forsvenskingspolitikk dei siste hundre åra.