Michèle Pierre-Louis
haitisk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Michèle Duvivier Pierre-Louis (fødd 5. oktober 1947)[1][2] er ein haitisk politikar som var statsminister i Haiti frå september 2008 til november 2009. Ho var den andre kvinnelege statsministeren i Haiti,[3] etter Claudette Werleigh, som sat frå 1995 til 1996.
Michèle Pierre-Louis | |||
| |||
Fødd | 5. oktober 1947 (76 år) Jérémie | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Haiti | ||
Parti | ingen | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom | ||
Utdanna ved | Queens College | ||
Verv | Statsminister i Haiti 2008-2009 | ||
Føregangar | Jacques-Édouard Alexis | ||
Etterfylgjar | Jean-Max Bellerive | ||
Alle verv |
Pierre-Louis har vore dagleg leiar for Knowledge and Freedom Foundation (FOKAL),[4] ein ideell organisasjon som er finansiert av George Soros, sidan 1995. I juni 2008 vart jo utnemnd til statsminister av president René Préval,[2] etter at to andre framlegg frå Préval hadde vorte avslegne av deputertkammeret i nasjonalforsamlinga. Deputertkammeret godkjende henne 17. juli 2008, med 61 stemmer for, éi mot og 20 blanke.[4][5] Vedtaket vart godkjent i senatet 31. juli, med 12 stemmer for, 5 blanke og ingen imot. I tillegg måtte det politiske programmet og regjeringa hennar godkjennast i deputertkammeret og senatet.[3][6]
Préval kunngjorde samansetnaden av den nye regjeringa 25. august 2008, og ved sidan av Pierre-Louis sjølv, var det 17 ministrar, der sju av dei vart med vidare frå den tidlegare regjeringa til Jacques-Édouard Alexis. Pierre-Louis vart utpeikt til minister for rettferd og offentleg tryggleik, i tillegg til statsministerposten. Regjeringa skulle ha vorte innsett 26. august, men dette vart forseinka grunna den tropiske syklonen «Gustav».[7]
Ho vart etterfølgd som statsminister av Jean-Max Bellerive i 2009.