Moresbyøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Moresbyøya (engelsk Moresby Island) er ei 3 399 km² stor øy som er del av Haida Gwaii i provinsen British Columbia i Canada. Øya ligg, saman med fleire nærliggande små øyar og holmar, i den sørlege delen av øygruppa. Ved folketeljinga i 2006 budde 402 personar på øya. Nesten alle innbyggarane held til i Sandspit, på nordaustspissen av Moresbyøya. Øya er skilt frå Grahamøya i nord av eit trongt sund.
Kjappe fakta Land, Provins ...
Moresbyøya | |||
øy | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Provins | British Columbia | ||
Del av | Haida Gwaii | ||
Areal | 2 608 km² | ||
Folketal | 402 | ||
Moresbyøya 53.078888888889°N 132.12777777778°W / 53.078888888889; -132.12777777778 | |||
Kart over det vestlege British Columbia, med Moresbyøya sør for Grahamøya
| |||
Wikimedia Commons: Moresby Island (Haida Gwaii) | |||
Lukk
Moresbyøya er kalla opp etter ein britisk admiral, Fairfax Moresby.[1]
Øya er del av Gwaii Haanas National Park Reserve and Haida Heritage Site.
27. oktober 2012 råka eit jordskjelv med ein magnitude på 7,7, det sterkaste jordskjelvet i Canada sidan 1949, området. Episenteret var 17,5 kilometer (10,9 mile) under øya.[2]