Motorvegar i Noreg
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Motorvegar i Noreg omfattar vegstrekningar med motorveg og motortrafikkveg. Motortrafikkveg er ikkje det same som motorveg. Forskjellen mellom dei ulike vegtypane er at motortrafikkveg er ein type veg som er definert av styresmaktene i det enkelte land. Dette er typisk vegar som liknar på motorveg, men ikkje oppfyller alle krav. I Noreg blei desse vegane tidlegare nemnd motorveg klasse B (eller tofelts motorveg), mens vanlege motorvegar blei kalla motorveg klasse A. Dette skapte forvirring internasjonalt og førte til feil på kart ved at vegar framstod med ein høgare standard enn dei i røyndomen hadde. Omgrepet blei erstatta av motortrafikkveg i 2006.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bd/NO_road_sign_502.svg/100px-NO_road_sign_502.svg.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f9/NO_road_sign_503.svg/100px-NO_road_sign_503.svg.png)
Strekningane på oversikta her omfattar til saman om lag 514 km motorveg og 405 km motortrafikkveg (planlagde og uferdige vegar er då ikkje rekna med).