Munsell-systemet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Munsell-systemet er eit fargesystem for ikkje-sjølvlysande overflatefarger, utvikla av den amerikanske målaren Albert Munsell på byrjinga av 1900-talet.
Fargane er baserte på tre fargedimensjonar: fargetone, verdi (lysheit) og fargerikheit (fargereinleik). Fargesystemet vart nytta av USDA som offisielt fargesystem for jordsmonnforsking i 1930-åra.