When the Wind Blows
From Wikipedia, the free encyclopedia
When the Wind Blows er ein animert film som kom ut i Storbritannia i 1986. Filmen er basert på den grafiske novella med same namn av Raymond Briggs. Filmen var regissert av Jimmy Murakami og hadde stemmer av John Mills og Peggy Ashcroft.
Regi | Jimmy Murakami | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | John Coates | ||
Manus | Raymond Briggs | ||
Basert på | When the Wind Blows | ||
Stemmeskodespelar | Peggy Ashcroft, John Mills, Robin Houston | ||
Musikk | Roger Waters | ||
Utgjevingsdato | 24. oktober 1986, 20. november 1986 (Tyskland),[1] 6. februar 1987 (London),[2] 30. oktober 1987 (Canada),[2] 11. mars 1988 (USA),[2] 1986 | ||
Lengd | 81 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia | ||
Språk | engelsk | ||
Sjanger | dramakomedie, dramafilm, teiknefilm |
Filmen var det andre samarbeidet til Briggs med TVC, etter at dei hadde laga The Snowman i lag i 1982. Han vart distribuert av Recorded Releasing i Storbritannia og Kings Road Entertainment i USA. Ein oppfølgjar av Briggs, Ethel and Ernest (1998), gjorde det klart at Briggs baserte hovudpersonane i When the Wind Blows på hans eigne foreldre.
When the Wind Blows er ei blanding av teikna animasjon og «stop-motion»-animasjon. Hovudrollene Jim og Hilda Bloggs er teikna, medan heimen deira og dei fleste lekamane er verkelege ting som sjeldan vert flytta, men som vert animert med «stop motion» når dei vert.
Filmmusikken inneheld musikk av Roger Waters og David Bowie (som song tittelsongen), Genesis, Squeeze og Paul Hardcastle.