Måltid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit måltid, eller eit mål, er ei mengd tillaga mat, gjerne eten i lag til faste tider. Ordet mål kjem frå norrønt mál og har samanheng med at maten vert eten til faste, tilmålte tider. Jf. òg engelsk meal og tysk Mahl. Ordet mâltîð vart lånt inn i norsk frå plattysk mâltît allereie i mellomalderen, og tyder det same som mål i denne samanhengen.
Ulike kulturar har sine måltid. I mellomalderen åt folk i Noreg to mål — dagverðr før dei tok fatt på arbeidet (eller etter den første økta) og nâttverðr når arbeidsdagen var slutt. Språkleg finn ein desse måla att i orda dugurd og nattverd, men orda har fått nye tydingar. Eit måltid som tilsvarer middag er kjent frå slutten av mellomalderen; dagverden vart då eit lettare morgonmåltid.