From Wikipedia, the free encyclopedia
Nanos er eit fjell i Slovenia som deler den kontinentale delen av landet frå kystområda med ei høgd 1313 meter over havet. Fjellet er eit karstisk kalksteinsplatå som er om lag 6 km breitt og 12 km langt i den nordlege forlenginga av Dei dinariske Alpane. Det høgaste punktet på platået er Suhi vrh. Den mest populære destinasjonen er fjelletoppen Pleša på 1262 moh med ei fjellhytte like nedanfor toppen.[1]
Nanos | |||
fjell | |||
Pleša på Nanos | |||
Land | Slovenia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 1 313 moh. | ||
Koordinatar | 45°47′55″N 14°3′55″E | ||
Nanos 45.8386°N 14.0408°E | |||
Wikimedia Commons: Nanos | |||
I 1987 vart dei sørlege og vestlege fjellsidene erklært eit naturreservat med eit areal på 2632 hektar.[2]
Nanossendaren er eit 50 meter høgt radio- og fjernsynsårn på toppen. Sendaren kom i bruk i 1962 og spelte ei viktig rolle i innføringa av fargefjernsyn i det tidlegare Jugoslovaia. Anlegget vart angripe under den slovenske sjølvstendkrigen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.