![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c3/518490320_725fd289e1.jpg/640px-518490320_725fd289e1.jpg&w=640&q=50)
Tyngdeakselerasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tyngdeakslerasjon er akselerasjonen ein lekam som fell vil få som følgje av gravitasjon. Ved havnivå på jordoverflata er tyngdeakslerasjonen definert som nøyaktig 9,80665 m/s2. Dette er det same som 1 g, som er ei eining for akselerasjon. g-krafta er den tilsvarande krafta, og er lik 9,80665 N/kg, som vil gje ein akselerasjon frå 0 til 100 km/t på 2,83 sekund.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c3/518490320_725fd289e1.jpg/320px-518490320_725fd289e1.jpg)
Symbolet g vert alltid skrive med liten bokstav i kursiv for å ikkje forveksle han med G. Dette er gravitasjonskonstanten, som alltid vert skriven med stor bokstav, eller med forkortinga for gram, som ikkje står i kursiv.