Niš
From Wikipedia, the free encyclopedia
Niš (serbisk Ниш; gresk Naissòs, Ναισσος) er ein by i Serbia i distriktet Nišava distrikt ved elva Nišava. Med meir enn 299 295 innbyggjarar er han den største byen i Sør-Serbia og den tredje største byen i landet etter Beograd og Novi Sad. Byen dekkjer eit område på 597 km², som omfattar sjølve byen Niš, kurstaden Niška Banja og 68 forstader.
Niš | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Kallenamn «Keisarbyen» | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Serbia | ||||
Region | Sør-Serbia | ||||
Distrikt | Nišava distrikt | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
597 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2002) - folketettleik |
299 295 501,3 /km² | ||||
Koordinatar | 43°19′09″N 21°53′46″E | ||||
Høgd over havet | 195 moh | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 18000 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+381) 18 | ||||
Bilnummer | NI | ||||
Nettstad: www.ni.rs |
Niš er ein av dei eldste byane på Balkan, og frå gammalt av vore ein port mellom Austen og Vesten. Han ligg der motorvegane på Balkan møter motorvegane frå Mellom-Europa, og knyter Vesleasia til Europa. Niš Konstantin den store lufthamn er den internasjonale flyplassen ved byen.
I Niš ligg ein av dei eldste kyrkjene i Serbia, frå 300-talet.[2] Byen er òg kjend som fødestaden til Konstantin den store, den første kristne romerske keisaren og grunnleggjaren av Konstantinopel,[3] og to andre romerske keisarar, Konstantius III og Justinius I.
Niš er eit universitetssenter. Det er om lag 30 000 studentar på Universitetet i Niš, som består av 13 fakultet. Niš er òg eit av dei viktigaste industrisentera i Serbia, eit senter for elektronikk, maskinteknikk, tekstilindustri og tobakksindustri.