Nordflåten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordflåten (russisk Северный флот, Severnij flot) er ein av flåtane til den russiske marinen og utgjer størstedelen av OSK Nord. Flåten er basert ved Kolahalvøya og Kvitsjøen. Flåten omfattar òg kystartilleri, marinefly og andre einingar. I tillegg til hovudbasen i Severomorsk har Nordflåten seks andre marinebasar og verft, der basen ved Murmansk er av dei største og best kjende. Det er òg basar for fly og for marineinfanteri. Skipsstyrken omfattar om lag to tredjedelar av den russiske marine sine atomdrivne skip, og heile området er ein bastion òg med eit eige marineinfanteri,.
For Russland gjeld framleis den store strategiske tydinga til nordflåten. Nokre av dei viktigaste hamnene er som før ved fjorden Zapadnaja Litsa (særleg Bolsjaja Lopatka) nær grensa til Noreg. Det pågår framleis fornying og opprydding etter sovjettida av lagringsfasilitetar både for atomrakettar og konvensjonelle våpen på Kolahalvøya.[1]