Nordre Sunnmøre prosti
prosti i Møre bispedøme / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordre Sunnmøre prosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Ålesund.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Prestetenesta var tidlegare ordna i prestegjeld, men den ordninga vart lagt ned i 2004.