![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/25/NGUFrontLade.jpg/640px-NGUFrontLade.jpg&w=640&q=50)
Noregs geologiske undersøking
From Wikipedia, the free encyclopedia
Noregs geologiske undersøkingar (NGU) er ein norsk statleg etat med ansvar for geologisk kartlegging og forsking.
Kjappe fakta Org.nummer, Skipa ...
Noregs geologiske undersøking | |||
![]() NGUs hovudkontor på Lade i Trondheim | |||
Org.nummer | 970 188 290 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 6. februar 1858![]() | ||
Grunnleggjar | Theodor Kjerulf | ||
Hovudkontor | Leiv Eirikssons vei 39, 7040 Trondheim | ||
Adm. dir. | Morten Smelror | ||
Stab | 213 (i 2011)[2] | ||
Verkeområde | Noreg | ||
Omsetjing | 254 millionar NOK | ||
Undergrupper | Nasjonalt Borkjerne og Prøvesenter | ||
Eigarskap | Nærings- og handelsdepartementet | ||
Motto | Geologi for samfunnet | ||
Nettstad | www.ngu.no |
Lukk
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/76/Seisma1.jpg/320px-Seisma1.jpg)
Etaten er underlagt Nærings- og handelsdepartementet og har hovudkontor i Trondheim med filial i Tromsø. Administrerande direktør er Morten Smelror og etaten har rundt 200 tilsette (2002).
NGU har som hovudoppgåver å samle, handsame og formidle kunnskap om dei fysiske, kjemiske og mineralogiske eigenskapane til berggrunn, lausmasse og grunnvatn i landet. Viktige område for denne verksemda er, i tillegg til det norske fastlandet, Arktis, Svalbard og kontinentalsokkelen.