Norske redningsskøyter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Norske redningsskøyter er fartøy som er spesialbygde for å drive redning og berging til sjøs. Frå den første skøyta vart bygd i 1892 har om lag 150 fartøy vore i drift. Dei aller fleste har vorte bygde og haldne i drift av Redningsselskapet. Mange av dei er finansierte ved gåver, og namnet på skøyta har då ofte tilknyting til gjevaren. Redningsselskapet reknar med at redningsskøytene har redda over 6 400 menneske sidan 1893. Meir enn 600 000 menneske har fått assistanse.[1]