![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Katzenbuckel_1.jpg/640px-Katzenbuckel_1.jpg&w=640&q=50)
Odenwald
From Wikipedia, the free encyclopedia
Odenwald er ei fjellkjede sør i Hessen og nord i Bayern og Baden-Württemberg i Tyskland. Namnet kan ha sitt opphav som Odins Wald («Odin sin skog»), men «Odes sin skog» er sannsynlegvis meir rett.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Katzenbuckel_1.jpg/640px-Katzenbuckel_1.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/1/12/Karte_Odenwald_in_Deutschland.png)
Odenwald grensar til elva Neckar i sør og til elva Main i aust og heller slakt mot nord og vest. Den høgaste toppen er Katzenbuckel på 626 m. Odenwald er ein friluftstad for innbyggjarar i Mannheim og Frankfurt og er kjend for den reine lufta. Ein gong var det eit helsesanatorium her av den grunn. I skogane kan ein finne blåbær, jordbær og sopp.
Det finst fleire vakre landsbyar i området, som Weinheim ved Bergstraße og Michelstadt sentralt i Odenwald. Her finn ein brusteinslagde gater og arkitektur frå mellomalderen. Området har relativt få turistar. Byspreiing og forureining har vorte eit aukande problem i utkanten av området.