From Wikipedia, the free encyclopedia
Nevado Ojos del Salado på 6 893 moh. er den høgste vulkanen i verda og det høgste fjellet i Chile. Fjellet er også det nest høgste på den sørlege og på den vestlege halvkula. Ojos del Salgado ligg nord i landet, i Atacama-ørkenen, om lag 600 km nord for Aconcagua, det høgste fjellet på dei nemnde halvkulene. Landegrensa mellom Argentina og Chile går over toppen. Ojos del Salado har to nesten jamhøge toppar, den såkalla chilenske- og argentinske. Dei vert kalla så fordi oppstigninga av dei to skjer frå høvesvis den chilenske og den argentinske sida.
Nevado Ojos del Salado | |||
fjell | |||
Land | Argentina, Chile | ||
---|---|---|---|
Del av | Volcanic Seven Summits, Seven Second Summits | ||
Fjellkjede | Andes | ||
Høgd | 6 893 moh. | ||
Koordinatar | 27°06′35″S 68°32′32″W | ||
Førstestiging | Jan Alfred Szczepański | ||
- dato | 26. februar 1937 | ||
Ojos del Salado 27.109444444444°S 68.542222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Ojos del Salado | |||
Vulkanen hadde sitt siste utbrot for ikring 1 300 år sidan, men ein reknar med at litt vulkansk aktivitet fann stad i 1993.
To polske fjellklivarar, som var del av ein ekspedisjon, steig til topps sommaren 1937.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.