![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d5/El_Perell%25C3%25B3_-_Old_olive_tree.jpg/640px-El_Perell%25C3%25B3_-_Old_olive_tree.jpg&w=640&q=50)
Oliven
From Wikipedia, the free encyclopedia
Oliven (Olea europaea) er ein art av små tre i oliventrefamilien, kjende og dyrka for fruktene sine, som er eitt av dei viktigaste landbruksprodukta til middelhavslanda. Oliven blir etne heile, gjerne sylta, og er blitt brukte til å laga olivenolje sidan antikken.
- Denne artikkelen handlar om frukta. For fargen, sjå fargen oliven.
Oliven | |
![]() Oliven | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av Oliven | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Oliventrefamilien Oleaceae |
Slekt: | Olea |
Art: | Oliven O. europaea |
Vitskapleg namn | |
Olea europaea |
Oliven har opphav i kyststrøka i dei austlege delane av Middelhavet, frå Libanon til kysten av Vesleasia og dei nordlege delane av Iran.