Dette er ei mangearta gruppe av fuglar som har fått namnet etter den omnliknande forma på reira gjort av leire hos artane i slekta Furnarius. Likevel har dei fleste artane i familien reir inne i hòl (tunnelar) i bakken eller i bergsprekker. Alle artane har overdekt reir. Dei legg opptil seks lysblåe, lysgrøne eller kvite egg som vert ruga mellom 15 og 22 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13 - 20 dagar.
Omnfuglar er små til mellomstore fuglar, storleiken varierer frå 9 til 35 centimeter i lengd. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat, alt frå byparkar med haciendaomnfugl til tropisk lågland i Amazonas med sine mange lauvgranskarar til tempererte golde Andesfjella som har fleire artar av tunnelfuglar. Ved kystane finst to bergkallar (cinclodes), fjærebergkall og brottbergkall.
Slektene av omnfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Omnfuglar