Barneoppseding
From Wikipedia, the free encyclopedia
Barneoppseding eller oppdraging er ein prosess som føregår frå fødsel til vaksen alder der barn lærer normene i eit samfunn. Ein bruker ulike middel i oppseding, som ros, straff eller å vera eit føredøme. Oppsedinga kan føregå medvite, basert på ein viss filosofi eller pedagogikk, eller meir «naturleg» og umedvite. Synet på kva som er god barneoppseding er knytt til kulturen ein høyrer til.
Dei som står bak oppsedinga er som regel nære eldre slektningar av barnet, men også resten av samfunnet i form av naboar, lærarar eller andre institusjonstilsette kan delta i sosialiseringsprosessen. Som regel er foreldre dei viktigaste barneoppsedarane, men eldre søsken, besteforeldre, tanter og onklar kan òg spela ein stor rolle.