Oromo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Oromo er eit afroasiatisk språk som framfor alt blir snakka i Etiopia, men også i dei nordlage delane av Kenya og i Somalia. Oromo har omtrent 30 millionar talarar, det gjer det til det tredje største språket i Afrika, etter arabisk og hausa.
Oromo Afaan Oromo, Oromiffaa | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Kusjittisk Aust | |
Bruk | ||
Tala i | Etiopia, Kenya | |
Område | Oromia | |
Oromotalande i alt | 30 millionar | |
Rangering | 91 | |
Skriftsystem | fidel, arabisk, latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | om | |
ISO 639-2 | orm | |
ISO 639-3 | orm | |
Wikipedia på oromo |
Oromo kan delast inn i seks hovuddialektar, som skil seg så mykje frå kvarandre at talarane ikkje alltid forstår kvarandre. Dialektane er midt-oromo, aust-oromo, orma, garreh, sanje og boorana. Trass i dei språklege skilja er den etniske identiteten sterk, alle ser på seg sjølv som oromoar som snakkar oromo.
Oromo var eit undertrykt språk både under Haile Selassie og seinare under Dergen og Mengistu Haile Mariam. Då Mengistu vart styrta fekk oromaoane språklege rettar i sentrale og sørlege Etiopia, og til ein viss grad skolegang på omoro. Amharisk er framleis Etiopias første offisielle språk og undervisningsspråk på høgskolane i oromoområda, men oromo er i bruk i folkeskolen, og radiosendingar på oromo er svært populære.
Oromo er i relativt nær slekt med somali, men språka er ikkje forståelege seg i mellom.