Påfuglen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Påfuglen (frå latin Pavo) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Den mest lyssterke stjerna, Alfa Pavonis, er òg kjend som Påfuglen, og har ein storleiksklasse på 1,91 og er ei blåkvit stjerne. Delta Pavonis er ei nærliggande, solliknande stjerne, som ligg 19,9 lysår unna. Ein har funne planetar kring seks av stjernene i Påfuglen, mellom anna HD 181433 med ei superjord, og HD 172555 med spor etter store interplanetære kollisjonar dei siste par tusen åra. Stjernebiletet inneheld NGC 6752, den tredje mest lyssterke kulehopen på himmelen og spiralgalaksen NGC 6744, som minnar om Mjølkevegen, men er dobbelt så stor.
Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...
Påfuglen | |
---|---|
Latinsk namn | Pavo |
Forkorting | Pav |
Genitivsform | Pavonis |
Symbologi | Namnsett av Bayer |
Rektasensjon | 20 h |
Deklinasjon | −65° |
Areal | 378 kvadratgrader nr. 44 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
1 |
Sterkaste stjerne | α Pav (1,94. mag.) |
Meteorsvermar |
Delta-pavonidane |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +30° og −90° | |
Close