Píndos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Píndos (gresk Πίνδος, arumensk Pind og på fleire språk Pindus) er ei fjellkjede nord i Hellas. Ho er om lag 160 km lang og på det høgaste 2 637 moh (Smólikas). Fordi ho går langs grensa mellom Thessalía og Ípiros vert Píndoskjeda ofte kalla «ryggraden til Hellas». Fjellkjeda strekkjer seg frå grensa til Albania, går gjennom periferiane Ípiros og Vest-Makedonía og sørover til områda nord for Peloponnes.