Park Chung-hee
From Wikipedia, the free encyclopedia
Park Chung-hee (14. november 1917–26. oktober 1979) var president i Sør-Korea frå 1963, då han tok makta i eit militærkupp, til 1979 då han døydde etter eit attentat.
Park Chung-hee | |||
| |||
President i Sør-Korea | |||
Periode | 1963-1979 | ||
---|---|---|---|
Parti | Det demokratisk-republikanske parti | ||
Fødd | 14. november 1917 | ||
Fødestad | Gumi | ||
Død | 26. oktober 1979 | ||
Dødsstad | Jongno-gu | ||
Mor | Baek Nam-ui | ||
Far | Park Seong-bin | ||
Ektefelle | Yuk Young-soo, Kim Ho Nam | ||
Barn | Park Geun-ryeong, Park Ji-man, Park Geun-hye, Park Jae-ok |
Tilhengarar framhevar at Sør-Korea vart modernisert og opplevde ein svært sterk industriell og økonomisk vekst i perioden hans som gjorde sitt også etter at han vart myrda til at Sør-Korea står fram i dag som ein av verdas største økonomiar, eit land som etter Koreakrigen i 1950-1953 var eit av verdas fattigaste. Gruppa av motstandarar er og veldig stor, ein av dei som kjempa mot det dei kalla eit brutalt diktatur var Kim Yong-sam, Kim Dae-jung som seinare sjølv vart president. Denne gruppa klagar over dårlege menneskerettar, eit brutalt ikkje-demokratisk styre og at han tente den japanske hæren under andre verdskrigen. Motstandarar av styret hans risikerte å verta fengsla, torturert og/eller drepne.
Dottera hans, Park Geun-hye, vart president i Sør-Korea i februar 2013.