norsk politisk parti From Wikipedia, the free encyclopedia
Konservativt, tidlegare Partiet Dei Kristne, er eit høgrepopulistisk norsk politisk mikroparti[3][4] som vart stifta i 2011 på Bømlo i Hordaland. Konservativt byggjer på eit kristenkonservativt verdigrunnlag.
Partiet Konservativt | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Erik Selle | ||
Grunnlagt | 24. februar 2011 | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Donasjonar | 643 400 norsk krone (2021)[1] | ||
Medlemstal | 2 476 (2023)[2] | ||
Ideologi | kristne høgre, marknadsliberalisme, euroskeptisisme, høgrepopulisme | ||
Politisk posisjon | høgresida | ||
Slagord | «Frihet og trygghet for alle» |
Opphavleg heitte partiet Dei Kristne. I 2015 endra det namn til Partiet Dei Kristne.[5] I 2022 endra det namnet att til Konservativt.[6]
Partiet vart stifta som ein reaksjon på at Kristeleg Folkeparti, ifølgje initiativtakarane, hadde gradvis fjerna seg frå dei tradisjonelle kristne verdiane. Den utløysande faktoren var at sentrale krefter i KrF ønskte å fjerne «bekjennelsesparagrafen» for tillitsvalde.
Partiet ville løfte fram det livslange, monogame ekteskapet mellom éin mann og éi kvinne som norm og ideal.[7] Partiet gav heilhjarta støtte til staten Israel. Retten til liv frå fræving til naturleg død er også ein av hjartesakene til partiet.
Partileiar frå 2013 er Erik Selle. Partiet fekk i 2015 eigen ungdomsorganisasjon, Dei Kristnes Ungdom. Leiaren er Olympia Ahenkorah frå Oslo.
Ved stortingsvalet i 2013 røysta omkring 17 700 veljarar på partiet (0,6 prosent). Størst var oppslutnaden i Vest-Agder (2,0 prosent). Ved kommunestyrevalet i 2015 stilte partiet liste i 70 kommunar. Ved stortingsvalet i 2017 stilte partiet liste i alle fylka og fekk omkring 8700 røyster (0,3 prosent).[5]
I samband med den russiske invasjonen av Ukraina 24. februar 2022 har partiet vorte kritisert for å formidla russisk propaganda.[8][kven?] Partileiar Erik Selle har teke til orde for at Russland skal få behalda dei ulovleg annekterte ukrainske regionane Krim, Donetsk og Luhansk.[9] I eit intervju med iNyheter.no 12. januar 2024 stadfesta Selle at han meiner Vesten har ein stor del av ansvaret for at Russland angreip Ukraina.[10]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.