Paulis eksklusjonsprinsipp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Paulis eksklusjonsprinsipp, eller berre Paulis prinsipp, er eit kvantemekanisk prinsipp formulert av Wolfgang Pauli i 1925. Prinsippet seier at to identiske fermion ikkje kan okkupere same kvantetilstand samstundes. Ein meir rigorøs påstand av dette prinsippet er at for to identiske fermion er den totale bølgjefunksjonen antisymmetrisk. For elektron i eit enkelt atom seier det at ingen av elektrona kan ha dei same fire kvantetala. Det vil seie at dersom n, l og ml er like, må ms vere forskjellig, altså har forskjellig spinn.
I relativistisk kvantefeltteori følgjer Paulis prinsipp frå å bruke ein rotasjonsoperator på den imaginære tida til partiklar med halvtalig spinn. Dette følgjer ikkje frå nokre spinnrelasjonar i ikkje-relativistisk kvantemekanikk.