Pedersöre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pedersöre (finsk Pedersören kunta) er ein kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 10 406 og eit areal på 824 km², der 790 km² er land. Pedersöre grensar til kommunane Nykarleby, Kauhava, Evijärvi, Kronoby, Larsmo og Jakobstad.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Pedersöre | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Fylke | Österbotten | ||
Del av | Swedish-speaking Ostrobothnia | ||
Areal | 824 km² | ||
Språk | svensk, finsk | ||
Pedersöre 63.6°N 22.791666666667°E / 63.6; 22.791666666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Pedersöre | |||
Lukk
Pedersöre er ein tospråkleg kommune med svensk som majoritetsspråk (90 %) og finsk som minoritetsspråk (9 %).
Kommunesenteret ligg i Bennäs, men den største tettstaden er Kållby. Pedersöre er eit av dei eldste sokna i Österbotten. Byen Jakobstad, som vart grunnlagt på område til Pedersöre i 1652, har det finske namnet sitt Pietarsaari etter Pedersöre. Pedersöre kyrkje, soknekyrkja som vart bygd på 1300-talet eller seinast 1400-talet, ligg i det som i dag er nabokommunen Jakobstad.