svensk skjønnlitterær forfattar, litteraturkritikar og journalist From Wikipedia, the free encyclopedia
Per Wästberg (fødd 20. november 1933 i Stockholm[1]) er ein svensk skjønnlitterær forfattar, litteraturkritikar og journalist.
Per Wästberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 20. november 1933 (90 år) Stockholm |
Yrke | skribent, journalist, lyrikar, litteraturkritikar |
Medlem av | Svenska Akademien |
Far | Erik Wästberg |
Ektefelle | Anna-Lena Wästberg, Anita Theorell |
Born | Johanna Ekström |
Per Wästberg på Commons |
Wästberg debuterte som forfattar i 1949. Han vart i 1953 journalist i avisa Dagens Nyheter, seinare òg kulturredaktør. Frå 1976 til 1982 var Wästberg sjefredaktør for Dagens Nyheter. I 1997 vart Wästberg innvald som medlem i Svenska Akademien, der han har stol nummer 12.[1]
Wästberg har òg utmerkt seg ved eit sterkt politisk engasjement knytt til ytringsfridom og menneskerettar. I 1964 var han medstiftar av den svenske avdelinga av Amnesty International.[1] I 1967 vart han leiar for den svenske PEN-klubben.[1] Seinare var han òg leiar for International PEN frå 1979 til 1986.[2] Etter reiser i Afrika voks det fram eit aukande engasjement retta mot kolonialisme og raseskiljepolitikken i Rhodesia og Sør-Afrika. I 1959 vart han utvist frå Rhodesia, året etter òg frå Sør-Afrika. Han utgav i 1960 to bøker om dei to landa, Förbjudet område og På svarta listan, som fekk tyding for kampen mot apartheid.[2]
Årstal | Prisar | Boktittel |
---|---|---|
April 2008 | Utnemnd til medlem av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjesvener for sitt bidrag til kampen mot kolonialisme i Afrika og apartheid i Sør-Afrika.[2] | |
2001 | Augustprisen | Minnets stigar |
1997 | Samfundet De Nios store pris[1] | |
1995 | Gerard Bonniers pris | |
1993 | Övralidsprisen | |
1993 | Wahlström og Widstrands litteraturpris |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.