Polynesiske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei polynesiske språka er ei undergruppe av dei oseaniske språka, ei grein av dei austronesiske språka. Gruppa polynesiske språk omfattar om lag 30 språk med til saman ein million brukarar. Dei fleste brukarane bur i Mikronesia og Melanesia. Dei mest kjende polynesiske språka er tongansk, samoansk, tahitisk, maori og hawaiisk.
Det einaste språket i den polynesiske språkgruppa som har hatt eit eige skriftsystem er rapanui, språket på Påskeøya. Alle levande polynesiske språk vert skrive med det latinske alfabetet.
Språka er kjent for å ha eit svært enkelt lydsystem med mellom åtte og tolv konsonantar og fem vokalar. Fleire konsonantar etter kvarandre vert ikkje brukt. Dette fører til at språka har mange homonym. Grammatikalsk sett er språka analytiske, sidan dei ulike grammatikalske tydingane vert uttrykte ved bruk av partiklar.
Ord som «tabu» og «tatovering» er europeiske låneord frå det polynesiske språket tahitisk.