Provinsar i Nederland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Provinsar i Nederland er ei administrativ eining mellom det nasjonale styret og dei lokale kommunane, tilsvarande dei norske fylka. Styret av kvar provins består av tre delar. Provinciale Staten er det provinsielle parlamentet som vert vald for fire år. Av desse vert så medlemmer til Gedeputeerde Staten vald, ei samling som stort sett tar seg av styringsprogrammet. Leiaren er Commissaris van de Koningin eller kongeleg kommisjonær som vert peikt ut av krona.