Innanfor medisinen er puls bankinga ein kan kjenna i pulsårer (arteriar). Dette er trykkbølgjen frå hjartet som trekkjer seg saman.

Thumb

Trykkbølgjen forplantar seg rundt i blodkara og utvidar dei, det er altså ikkje forflyttinga av blodet ein kjenner. Trykkbølgja er tydelegast nære hjartet, her er òg farten lågast, 3 til 5 m/s. I dei store pulsåregreinene er farten mellom 7 og 10 m/s, i dei små er han mellom 15 og 35 m/s. Bølgjehøgda (amplityden) vert mindre undervegs. Trykkbølgja er meir enn femten gongar raskare enn blodstraumen.

Ordet puls blir òg nytta noko upresist som synonymt med «pulsar i minuttet» eller «pulsfrekvens». Hos friske menneske er dette det same som hjarteslag i minuttet eller hjartefrekvens. Hos nokon, særleg dei med arytmiar, er nokre hjarteslag inneffektive og gjev inga eigentleg pulsbølgje. Desse vil ha lågare pulsfrekvens enn hjartefrekvens. Differansen blir kalla pulsdefisit.

I tillegg til frekvensen vil ein ved ei undersøking òg kjenne på andre kvalitetar, ofte skildra som «bløt» eller «dundrande» puls. Dette er som regel ein funksjon av blodtrykket.

Ein kan kjenne pulsen med fingertuppane, særleg ved rota av tommelfingeren (i arteria radialis). Andre plassar blir òg nytta, ma. fotryggen og sida av halsen.

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.