Queenstown på New Zealand
From Wikipedia, the free encyclopedia
Queenstown er ein internasjonal ferieby i regionen Otago, sørvest på Sørøya på New Zealand. Byen ligg kring ei bukt med namnet Queenstown Bay ved Wakatipusjøen, ein lang, smal innsjø som er danna av isbrear, og byen har strålande utsyn mot dei nærliggjande fjella.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Queenstown.
Queenstown | ||
---|---|---|
Styresmakter | ||
Land Øy Region Distrikt |
New Zealand Sørøya Otago Queenstown Lakes District | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
8704,97 km² | |
Innbyggjarar - By (2006) - Byområde |
22956 10416 | |
Koordinatar | 45°01′52″S 168°39′45″E | |
Diverse anna | ||
Heimeside: https://www.queenstownnz.co.nz/ | ||
Plassering | ||
William Gilbert Rees, saman med oppdagaren Nicholas von Tunzelman, var dei første europearane som slo seg ned i området. Rees var på leiting etter beitemarker, og etter eit første besøk kom han attende i 1860 og grunnla ein høglandsfarm der sentrum i den noverande byen ligg. Men føretaket til Rees fekk eit kort liv. I 1862 vart det funne gull i Arrowelva, eit kort stykke unna Queenstown.
Det vert fortalt ulike soger om korleis byen fekk namnet sitt. Den mest populære er at ein lokal gullgravar uttala at byen var som «skapt for Queen (dronning) Victoria». Queenstown er no kjend for den forretningsorienterte turismen sin, særleg opplevings- og skiturisme. Byen er populær både blant unge internasjonale tilreisande og for folk frå New Zealand.
Byen er det største senteret i Central Otago, og det tredje største i Otago. Nokre få administrative funksjonar, til dømes primærhelseteneste, er for tida tillagt naboregionen Southland. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i det urbane området i Queenstown (medrekna Frankton og Kelvin Heights) 10 416,[1] ein oppgang på 22,1 % sidan 2001.
Nabobusetnadar og -distrikt omfattar Arrowtown, Wanaka, Alexandra og Cromwell. Dei næraste byane er Invercargill og Dunedin.
Queenstown-Lakes District har eit landareal på 8 704,97 km², utanom innsjøane Haweasjøen, Wakatipusjøen og Wanakasjøen. Det har eit estimert folketal på 28 700 (30. juni 2011).[2]