Røyr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit røyr er ein langstrakt struktur med gjennomgåande hol, laga av eit hardt materiale som metall, plast eller liknande. Røyr vert brukte til å transportera gass eller væske. Tilsvarande strukturar av mjuke materiale kallast slangar. Ordet røyr vert òg brukt om hole sylindrar som er tette i eine enden, som til dømes reagensrøyr, og om somme tekniske komponentar som er heilt lukka og lufttette, som til dømes radiorøyr.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Røyr (fleirtyding).
Ein fagutdanna person som monterer og vedlikeheld vass- og avløpsrøyr og andre innretningar med røryliknande komponentar (kanalar) til mellom anna hushaldningsbruk, vert kalla ein røyrleggjar.
Ulike typar røyr og bruksområde:
- Vassrøyr vert nytta til å transportere vatn, til dømes drykkjevatn og avlaupsvatn
- Oljerøyr vert nytta til å transportere råolje eller andre petroleumsprodukt, og og gassrøyr til å transportere gass
- Eksosrøyr vert brukte til å transportera eksos frå ein motor i køyretøy eller motorreiskap til den støydempande eksospotta og vidare ut i friluft.
- Hydraulikk- og pneumatikkrøyr og -slanger vert brukte til å overføra energi med, høvesvis ved hjelp av olje eller luft som er sett under høgt trykk.
- Lysrøyr er glasrøyr som inneheld gassar som lyser når dei får tilført elektrisk straum, og vert nytta som lyskjelde i lampar, og i spesialutformingar som bokstavar i lysreklame og anna.
- Sugerøyr, som i tidlegare tider var laga av strå, no av plast, er små røyr som vert brukte til å suga væsker inn i munnen, til dømes brus frå ei brusflaske.