Rama
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ramatsjandra, Sri Ram eller berre Rama er ein av dei mest dyrka gudane i dagens hinduisme, og blir rekna som den sjuande inkarnasjonen av Visjnu. Han er hovudpersonen i det populære eposet Ramayana, og opptrer også i det andre viktige hinduiske forteljingsverket Mahabharata. Rama er ein av dei mest populære heltane i legendene i hindumytologi og folkeeventyr i Sør-Asia og Søraust-Asia.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Rama (fleirtyding).